RENblad for betre utnytting av nettet: Rettleiar for driftsmessig forsvarleg vurderingar og strategiske vurderingar rundt tilknytning med særlege vilkår
For å bidra til raskare tilknytning og betre utnytting av eksisterande nett, har FORSEL-prosjektet utvikla to nye RENblad med konkrete rettleiingar for DF-vurderingar og tilknytning med særlege vilkår. Desse gir nettselskapa verktøy og prinsipp for meir standardiserte og risikobaserte vurderingar i møte med eit stadig meir pressa straumnett.
Publisert 3. juli 2025
Det er nå tre år sidan Straumnettutvalet i juni 2022 gav ut rapporten «Nett i tide – om utvikling av strømnettet». Sidan da har myndigheitene og nettbransjen satt i gang ei rekke tiltak for å få tilknytta nytt elektrisitetforbruk raskare og utnytte eksisterande nett betre. Enkelte tiltak er gjort moglege gjennom FoU-prosjekt som FORSEL. FORSEL er eit innovasjonsprosjekt for næringslivet (IPN) støtta av Norges Forskningsråd der REN og SINTEF samarbeider med seks deltakande nettselskap. I denne artikkelen har gjev vi ei oppdatering om to prosjektresultat frå FORSEL som kan bidra til å utnytte eksisterande nett betre:
- eit RENblad med rettleiar for DF-vurderingar (dvs. vurderingar av om det er driftsmessig forsvarleg å knytte nytt forbruk til nettet) og
- eit RENblad om strategiske vurderingar omkring tilknytning med vilkår om utkopling eller begrensning i forbruket (TMV).
Vi vil også gje ei oppdatering ompågåande endringar i regulering og andre initiativ i bransjen som er relevante for DF-vurderingar og TMV.
Vurdering av om tilknytning er driftsmessig forsvarleg
Når nettselskap gjennomfører DF-vurderingar gjer dei det på forskjellige vis og med forskjellige kriterium for kva som er driftsmessig forsvarleg og kva som ikkje er det. Blant tiltaka som var anbefalt i «Nett i tide» finn vi derfor «Standardisering av tilknytningsprosessen…» og «Kriterier for vurdering av driftsmessigforsvarlig…» Da Regjeringa i april 2023 gav ut ein handlingsplan som svar på «Nett i tide» så skreiv deider at: "Vurderingene av hva som driftsmessigforsvarlig er […] lite transparente. Vidare stod det i handlingsplanen at: «Regjeringen ønsker derfor å forskriftsfeste at nettselskapene skal offentliggjøre prinsippene som legges til grunn for vurderingene av hva som er driftsmessig forsvarlig."
Annonse

Det neste året jobba RME vidare med denne bestillinga frå Regjeringa og kom i juni 2024 med ein rapport som blant anna inneheld forslag til ein ny § 3-7 i NEM-forskrifta om at nettselskap skal fastsetje prinsipp for DF-vurderingar. Deretter tok Energidepartementet over og kom i mars 2025 med høyringsforslag til forskriftsendring der ordlyden er:
Ny § 3-7 Prinsipper for nettselskapenes driftsmessig forsvarlighetsvurderinger
«Nettselskap skal fastsette prinsipper for å vurdere om en tilknytning eller kapasitetsøkning er driftsmessig forsvarlig. Prinsippene skal være objektive, ikke-diskriminerende og tilgjengelige for nettkundene.»
Høyringsfristen var 9. mai, og det er i skrivande stund ikkje avklart når ei forskriftsendring trår i kraft eller nøyaktig kva ordlyden blir. Men ei foreløpig hypotese kan vere at alle nettselskap innan 1. januar 2026 må ha lagt ut noko skriftleg, overordna dokumentasjon på nettsidene sine om kva prinsipp dei fylgjer når dei gjer DF-vurderingar.

Ei anna hypotese vi har er at ein del av det nettselskapa treng for å tilfredsstille ei slik forskriftsendring allereie finst i RENblad 4130 «Veileder til driftsmessigforsvarlig vurdering». Dette RENbladet er eit resultat frå FORSEL-prosjektet som vart publisert våren 2024. DF-rettleiaren vart utarbeida i ei arbeidsgruppe i regi av REN, SINTEF og Fornybar Norge, med ni nettselskap pluss Statnett. RENbladet skildrar systematikk, metodikk og «beste praksis» for korleis nettselskap kan gjere DF-vurderingar. Eller for å bruke same ordet som myndigheitene: Det skildrar prinsippfor DF-vurderingar. Målet er dessutan at det skal bidra til at nettselskapa kan gjere meir DF-vurderingar som er meir standardiserte og transparente.

Nettselskapa som er prosjektpartnarar i FORSEL har heldt på med pilotering av DF-rettleiaren og skal møtast over sommaren 2025 for å diskutere korleis dei skal førebu seg på forskriftsendringa. I løpet av hausten planlegg vi også å gjere oppdateringar av DF-rettleiaren basert på erfaringane frå piloteringa i FORSEL og endringane av tilknytningsprosessen som har kome i samband med Elbits sin tilknytningsportal (TILKO). I desse prosjektaktivitetane i FORSEL samarbeider vi gjerne med og tek imot innspel frå andre som ikkje er partnarar i FORSEL-prosjektet.
Vi trur at ein rettleiar for DF-vurdering kan bidra til betre utnytting av nettet ved at nettselskap får betre oversikt over kva føresetnadar dei gjer og kan bli meir bevisste på kva sikkerheitsmarginar dei legg inn i dei ulike stega av DF-vurderinga. Dess fleire ekstra lag med sikkerheitsmarginar som blir lagt inn i vurderingane, dess oftare vil det skje at ei tilknytning blir vurdert å vere ikkje DF utan ytterlegare tiltak, slik at nett-tilknytning blir utsett.
Tilknytning med særlege vilkår
Om ei alminneleg tilknytning blir vurdert å vere ikkje DF kan tilknytning med særlege vilkår vere eit tiltak for å gjere tilknytninga DF. Dette dreier seg altså om tilknytning med vilkår om utkopling eller begrensing i forbruket (TMV). Denne moglegheita vart introdusert i NEM-forskrifta i april 2021, og da Straumnettutvalet kom med sin rapport eitt år seinare inkluderte anbefalingane «Bedreutnyttelse av dagens nett gjennom […] tilknytning med vilkår» og «operasjonalisering av tilknytning med vilkår».
Det siste halve året har utviklinga mot «operasjonalisering av tilknytning med vilkår» gått raskare på fleire vis. I desember 2024 vart det offentleggjort ei rammeavtala for tilknytning med vilkår mellom Statnett og distribusjonsnettselskap. Same månad kom høyringsutkastet for NVF 2025 («Nasjonal veileder for funksjonskrav i kraftsystemet») der «tilknytningsvern» hadde blitt introdusert som ein eigen term for ei teknisk løysing for automatisk utkopling av forbruk tilknytt med vilkår.
I januar 2025 ferdigstilte FORSEL-prosjektet underlag til eit nytt RENblad om tilknytning med vilkår, og rakk dermed så vidt å få med utviklingane nemnt ovanfor. Dette RENbladet skildrar dei viktigaste strategiske vurderingane og vala nettselskap bør gjere omkringtilknytning med vilkår. Dette gjeld bl.a. kva tilfelle nettselskap skal tilby ei tilknytningsavtale med slike særvilkår, korleis vilkåra skal utformast, val av tekniske løysingar, og om nettselskapet er førebudd på å handtere fleire slike avtaler i drifta av nettet. Det å ha ein strategi for tilknytning med vilkår inneber at nettselskapet har gjort generelle vurderingar i forkant og ikkje må gjere alle vurderingar på nytt for kvar enkel tilknytningssak. Dette RENbladet er eit av fleire steg mot standardisering eller operasjonalisering av tilknytning med vilkår som gjer det enklare for nettselskap å bruke ordninga – der det er føremålstenleg – som eit tiltak for å utnytte nettet betre.

Risikobasert DF-vurdering og tilknytning med vilkår
Noko som FORSEL fortset å jobbe med fram til prosjektet avsluttast før nyttår 2025 er å føreslå meir risikobasert metodikk for å gjere DF-vurderingar og vurdere tilknytning med vilkår. I handlingsplanen som regjeringa gav ut i april 2023 skriv dei at det er «viktig at nettselskapene har et bevisst forhold til risiko som en kombinasjon av sannsynlighet og konsekvens, i sin vurdering av om en tilknytning er driftsmessig forsvarlig eller ikke. Spørsmålet om hvor mye det er plass til i nettet er også et spørsmål om hvor mye risiko nettselskapet aksepterer.» Temaet vart også teke opp att i Riksrevisjonen si undersøking av kapasiteten i straumnettet frå mars 2025, der deiblant anna skriv: «Flere aktører etterlyser mer risikobaserte vurderinger i driften som tar hensyn til risikoen for og konsekvensene av strømavbrudd. […] I tillegg svarer 75 prosent at å «drifte nettet med større risiko enn i dag» er et tiltak som vil kunne øke utnyttelsen i regionalnettet.» Men for å kunne drifte og planlegge nettet meir risikobasert – og ev. ta høgare risiko – må ein 1) fyrst vite kor stor risiko ein eigentleg tek, og dessutan 2) vite kor stor risiko ein er villig til å akseptere.
Risikoen det er snakk om her er risiko for uakseptabel leveringspålitelegheit eller spenningskvalitet for dei eksisterande kundane i nettet etter at ein ny kunde har blitt knytt til. Kartlegginga som FORSEL har gjort av nettselskapa sin praksis for DF-vurdering viste at dagens praksis i liten grad tek omsyn til denne risikoen eksplisitt og kvantitativt. Derfor er planen å supplere «beste praksis» for DF-vurdering som skildra i fyrste versjon av DF-rettleiaren med meir risiko-basert metodikk og eksempel på korleis denne kan brukast. Kvantitativ risikoinformasjon om pålitelegheita er også relevant informasjon for ein kunde som ynskjer nettilknytning, og særleg dersom kunden får tilbod om tilknytning med vilkår. I dette arbeidet vil SINTEF bygge vidare på tiår med forsking på risikobaserte metodar og samarbeid med andre pågåande prosjekt (FME SecurEL, MaksGrid, NordKap) der risikobasert planlegging og drift og risikopolicy/driftspolicy/driftsprinsipp er blant tema.

Annonse
