Grøft på CIGRE 2022

For første gong stilte REN i år med eigen stand på CIGRE. Grøft, vårt prosjekteringsverktøy for kabelgrøft, skulle synast fram for verda.

Publisert 07. september 2022

Rune Jacobsen

Director of International Business Development

Skjermbilde Grøft
Skjermbilde frå programvaren Grøft

CIGRE er verdas leiande konferanse innan kraftsystem. Over seks dagar møtast meir enn 9000 deltakare, 300 utstillarar og representantar frå meir enn 90 land til konferanse i Paris. Etter to år med Korona og digitale konferansar, var det kjekt å endeleg kunne treffast ansikt til ansikt.

I skogen av utstillarar var det mange som fann vegen til vår stand. Det er alltid like kjekt å visa fram Grøft når interessa går frå skeptisk til begeistra i laupet av eit kort besøk. Me trefte òg konkurrentar med liknande produkt, men ingen som like raskt og enkelt kan endra på grøfta og termiske verdiar og gjera ei ny berekning av magnetfelt og temperatur. Mange land har òg mykje større problem med varme enn me har i Norge. Me fekk høyra historier frå India der ein har lufttemperatur på 47 grader, overbelasta nett og kablar som brenn. I følgje tabellverket var kablane innanfor grensene. Ved kjapt å endra litt på rammevilkåra i Grøft, som uttørking og at kablane låg litt djupare, så tok kablane fyr.

Ideen til Grøft hadde Kåre Espeland. Han såg at ein hadde nådd grensa for kva ein kunne prosjektera av kabelgrøfter med formelverk og Excel. Med FEM-analyse og kraftige datamaskinar kunne ein gjera fysiske simuleringar av alt som ligg i grøfta. I 2014 søkte REN saman med SINTEF Energi på FoU-prosjektet «Økning av belastningsevnen til jordkabel». FoU-prosjektet vart det første i ei rekke forskingsprosjekt. Resultatet av forskinga gjekk inn i programvara Grøft.

Etter mange års arbeid står me no i Paris og syner fram Grøft. Me kjem garantert tilbake fleire gonger.

Stig presenterer programvaren Grøft
Stig presenterer programvaren Grøft

Annonse

Bildet viser logo til Nettpartner